@brittarnhild
- utskrift av et radiointervju i NRK Møre og Romsdal i 1975 med Sivert Wigum, skrevet i tu Aurgjela 2006, Årbok for Aure Historielag, av Erling Magne Taftø
Vi var på ei minnereise i dag. Besøkte Slagstad i Sandane hvor bestemor Ragna ble født i 1899. På veien til Aure stoppet vi på Frei for å se på gården Elva, hvor bestemor Ragna og bestefar Johannes bosatte seg etter at de giftet seg. Så vidt jeg kan skjønne var det nettopp Elva som var målet for roturen vi kan lese om lenger nede. Begge veier rodde han Aursundet, ja, jeg synes jammen jeg ser han der nede :-)
Å ro fra Vikan og til Frei, det er vel ikkje kvardagskost det, Sivert Vigum? Men det har du altså gjort.
- Ja, eg har gjort det ja, men det var ikkje noko artighet.
Nei. Det er lenge sidan no, at du tok denne turen.
- Ja, det var no rundt tredveåra.
Men ein slik tur er vel ikkje noko ein gjer for artigheit? Du hadde vel ei bestemt meining med den?
- Det var no det at det var fórmangel.
Jaha. Var det så lite høy altså at det ikkje var høy å få tak i nærara den gongen, kanskje?
- Ja, det er eg ikkje klår over, men det var i alle fall lite om pengar å kjøpe for.
Jaha. Men i alle tilfelle så vart det ein langtur til gangs.
- Ja, det vart det, ja.
Du kan fortelje litt om den turen.
- Ja, det var no å ta årene fatt det, og ro.
Jaha.
- Og kor mange mil det er veit ikkje eg, men det er vel rundt ein fem-seks mil, antagelig.
Jaha. Og kor lang tid bruka du, omtrent da?
- Ja, på sør-turen bruka eg ikkje så lang tid, for da trur eg eg fekk bruke segl og, litt.
Jaha.
- Men på heimturen tok det mange timar, ja.
Men du måtte no vel helst overnatte da, på ein så lang tur.
- Eg overnatta ikkje nei.
Kor mange høybaljar kunne du få med deg trur du?
- Ja, det er eg no ikkje så sikker på. Men det var no vel ein fem-seks, antagelig.
Ja, men om du ikkje overnatta, så måtte du vel kvile av og til.
- Ja, eg kvilte. Og så hadde eg med meg kokarmaskin, så eg koka kaffe på turen.
Jaha. Men du tok deg ikkje nokre lengre pauser da?
- Det gjorde eg når eg kom åt Aursundet. Der kvilte eg i tre timar.
Jaha. Og da var du opplagt til å legge turen heimover?
- Ja, eg syntes no eg var opplagt da, men eg var ikkje opplagt.
Nei. Du snakka om at du brukte tre timar, var ikkje det over eit bestemt sund?
- Ja, det var på Arasvikfjorden det.
Jaha. Og der bruka du vanlegvis halvtimen.
- Ja, for å ro over ja.
Jaha.
- Ja.
Høybaljane, dem strikte vel dem, dem vart vel høge, da, så det låg mykje vind i dem?
- Nåja, det var som eit lite segl det veit du, opp i veret.
Du fekk ikkje slep da?
- Det gjorde eg ikkje før eg kom til Øyasundet i Stemshaug.
Jaha. Da var det ikkje lang heim?
- Nei.
Kven trefte du da?
- Da trefte eg på ein båt som kjøyrde levande fisk til Trondheim.
Jaha. Og han var glad for å få slep?
- Nei, det var no litt vanskelig til å begynne med. Men, det vart no.
Jaha. Kor mange timar tror du at du trong på ein slik tur?
- Ja, eg antar det at eg heldt på ein ti-tolv timar det minste.
Ja. Og i dag hadde du kanskje ikkje villa starta opp?
- Ja, det var på heimturen, og det berre ja.
Jaha. Men i dag hadde du ikkje villa gjort oppat turen?
- I dag hadde eg ikkje villa gjort opp att den turen, kva eg hadde fått til betaling.
Men du var vel lemster da, lang tid etter at du kom heim?
- Ja, det gjekk ein åtte-ti dager før eg vart normal, omtrentleg.
Jaha. Men, hva båt var det du bruka?
- Eg bruka ein tre-roring.
Jaha. Og den båten er kanskje i bruk enda?
- Ja, han er vel ikkje i bruk no. Han er komen oppåt skulehuset no.
Jaha. Og der er det sikkert mange som har sett på den?
- Ja. Og dem kalla vi for seksring i den tida.
Jaha. Det var ein god sjøbåt antakelig.
- Det var ein god sjøbåt.
Du seier at det var ein god sjøbåt. Men du har kanskje prøva den i fleire høve da, enn akkurat på denne roturen.
- Nei, det har eg ikkje nei. Men eg har greie på at det var ein god sjøbåt, og han var forholdsvis lett.
Du har dreve mykje silda og du. Og kvar var det du dreiv hen mest?
- Ja, storsilda, det var no for Titran og Veiholmen. Og for Ålesund.
Jaha. Du har vore helt til Ålesund, altså?
- Ja.
Det er mange år no sidan du slutta med det?
- Ja, det er mange år no.
Recent Comments