@brittarnhild
Når vi er på hytta på Aure er vi midt i ørneriket. Det er sjelden en dag uten at en eller flere ørner flyr forbi.
Oftest er det havørnen som er på ferde, og av og til får jeg tatt bilder av den :-)
havørn - Haliaeetus albicilla
Jeg la ut bildet på ID og fugl på facebook og fikk blant annet denne svært informative kommentaren fra Alv Ottar Folkestad:
Dette er ein snart to år gammal ungfugl, altså fødd i 2018, og i sitt tredje kalenderår (3K). Frå fjørfellingsmønsteret sist sommar (mytemønsteret) kan vi lese at denne fuglen har skifta færre fjør enn det som brukar å vere vanleg. Av handsvingfjører er skifta dei to inste, muligens ikkje den tredje inste. Normalt brukar dei å skifte dei tre inste. Så ser den ytste armsvingfjøra ut til å vere skifta, som normalt, men ikkje den femte ytste slik det brukar å vere standard, og inn mot kroppen er det heller ikke skifta så mange som brukar å vere standard, vanlegvis fire til seks fjører. I tillegg er stjerten skifta, men framleis i vekst, altså skifta svært seint. Berre stjertfjørpar nr. 4, talt frå midten, står att av ungfuglfjørene og merkar seg ut som lengre enn dei nye fjørene. I sum betyr dette at denne fuglen ligg etter i tid i høve til det store fleirtalet av unge havørner når det gjeld fjørskifte. Reirungar har svart nebb og vokshud og har stort sett denne fargen heile første året - lysnar litt rundt nebbrota det andre året, men først tredje året anar vi ein gultone i indre del av nebbet - meir grålig gulgrønt, og først fjerde året går fargen over i varmare gultone med hornfarga, mørke skuggar som i løpet av dei neste to åra lysnar til det reint gule nebbet til den vaksne havørna, samtidig med at også stjerten blir reint kvit i den ytste 3/4-delen. På denne måten kan vi telje alderen hos havørner rimeleg sikkert fram til dei er 5-6 år gamle. Seinare kan vi berre avgjere om dei er minst 6 eller minst 7 år gamle, alt etter kva tid på året vi ser dei. Mange trur at havørnene har det på same måten som oss, at dei mister fargen og blir lysare på hovud og hals med åra, og at havørner med svært lyst hovud må vere svært gamle. Det er ikkje rett, for den individuelle variasjonen er stor, og dei lysaste havørnene kan kan ha nesten kvitaktig hovud og hals allereie som 5-6-åringar. Men fjørfargen er ikkje lysbestandig, og fjør som ikkje er skifta etter eitt år, kan bleikne sterkt, særleg gjennom sommaren.
Recent Comments